Kort fortalt

Høgskole får kritikk for å ha for mykje pengar

Risikerer å måtte betale tilbake delar av løyvingar.

NPK
29.09.2025

(NPK): Høgskulen i Molde har for mange ubrukte midlar meiner Kunnskapsdepartementet, og skulen risikerer derfor å måtte betale tilbake delar av løyvingane dei har fått.

Departementet stiller spørsmål ved om planane til høgskulen for bruk av pengane er realistiske, eller heller kunstig høge, ifølgje Khrono. Dei etterlyser framdrift i planlagde investeringar i infrastruktur.

Etter første tertial i år er avsetningane til høgskulen på 34 prosent av løyvinga, det høgaste blant alle statlege universitet og høgskolar. I 2023 måtte høgskulen betale tilbake 7,7 millionar kroner til staten.

Ifølgje reglane som vart innført frå og med rekneskapsåret 2021 kan ikkje universitet og høgskular ha meir enn 5 prosent avsetningar til såkalla «andre formål», som er alt anna enn investeringar. Det overskytande kan bli inndrege til statskassen.

Rektor Elin Mordal seier dei har planar for bruk av pengane, men erkjenner at det blir utfordrande å få brukt dei i år. Ho peikar på at høgskulen er liten, og at investeringar difor gir store prosentvise utslag på avsetningsnivået.

– Eg er optimistisk med tanke på at vi skal få sett pengane i bruk, men det blir utfordrande å få det til i 2025, seier Mordal til Khrono.

Andre institusjonar får motsett kritikk. NMBU har 1,8 prosent avsetningar og får beskjed om å vektlegge god økonomistyring for å sikre tilfredsstillande økonomisk utvikling.

(©NPK)

Publisert: 29.09.2025 12:33

Sist oppdatert: 29.09.2025 12:33

Mer om