(NPK): Høgsterett har avvist anken frå fire bedriftseigarar frå Sunnmøre som har saksøkt staten på grunn av formuesskatt, skriv NRK.
Dermed blir ikkje søksmålet fremja slik det var lagt opp. Bedriftseigarane meiner dei har betalt for mykje skatt og krev tilbakebetaling, fordi dei meiner formuesskatten strir mot Grunnlova og menneskerettslova.
Saka har vore gjennom fleire rettsinstansar. Sunnmøre tingrett avviste søksmålet i oktober i fjor, og Frostating lagmannsrett kom til same konklusjon i november. No har Høgsterett sagt nei til å handsame anken. Bedriftseigarane må betale 22.000 kroner i sakskostnader.
– Høgsterett har no endeleg avgjort at domstolane ikkje kan behandle dette søksmålet slik det var forma ut, seier advokat Ole Kristian Rigland hos Regjeringsadvokaten.
Ifølgje Rigland kan saka likevel prøvast dersom ho blir reist på grunnlag av konkrete skattefastsetjingar. Saksøkarane har vist til Grunnlova §105 om full erstatning ved avståing av eigedom, og til vern av eigedomsretten etter menneskerettane.
(©NPK)
Publisert: 12.02.2026 21:11
Sist oppdatert: 12.02.2026 21:11






