Lars Oscar Øvstegård er på ingen måte ein slagen mann etter at han nyleg fekk ei ny avgjerd mot seg i rettssystemet. Han påpeiker at sjølve saka ikkje er i gong i det heile.
– Mange har fått inntrykk av at saka er over, men det er heilt feil. Vi er budd på å ta alle dei rettslege stega som krevst, seier Øvstegård til Nett No.
Samtidig som han opplever ei stadig sterkare støtte, fortel mange at det er vanskeleg å forstå prosessen.
Difor har han forfatta ei pressemelding der han skisserer vegen vidare for saksøkjarane - som vil ha fjerna formuesskatten på arbeidande kapital.
– La det ikkje vere noko tvil: Det blir rettssak i Ålesund, skriv Øvstegård – men meiner at staten fører prosessen «inn på ein kronglete omveg».
Enkelt sagt kan ein seie at saksøkarane først har gått til eit prinsipelt søksmål, før dei alternativt vil ta vegen inn i rettssystemet via ei klagesak på eit konkret skattevedtak.
Vil ha saka ført etter tvistelova
Det tingretten og lagmannsretten har teke stilling til so langt, er om saka skal førast for tvisteloven – slik saksøkjarane vil – eller skatteforvaltingslova – som regjeringsadvokatane meiner.
– Det er no to alternative spor til målet vårt. Det eine er å anke lagmannsretten sin kjennelse. Får vi medhald av Høgsterett, vil rettssaka i tingretten gå etter tvistelova sine reglar, skriv Øvstegård.
– Dersom vi ikkje får medhald, vil vi gå for plan B, som er å saksøke staten etter skatteforvaltningslova sine reglar, heiter det vidare.

Førte opp null i formue for fjoråret
Onsdag blei skattelistene offentlege, der Lars Oscar Øvstegård er oppført med null i formue.
Han fortel til Nett No at han har vore kontakta av media som ville vite kvifor. Forklaringa er at saksøkjarane bur seg på den alternative framgangsmåten.
Etter tingretten si avgjerd i september sende ørstingen inn ei ny eigenfastsetjing med null i skattepliktig formue på aksjane.
– På denne måten får vi det grunnlaget og framgangsmåten som både tingretten og lagmannsretten har anbefalt. Skatteetaten er sjølvsagt ueinig i at formuesverdien skal setjast til null. Vi ventar no på vedtaket frå etaten, skriv Øvstegård.
Vedtaket vil vere grunnlag for eit alternativt søksmål etter skatteforvaltingslova.
Brunstad og Spilka-eigarane med på søksmålet
I søksmålet har Øvstegård alliert seg med Brunstad-eigar, Olaug Strand Brunstad, og Spilka-eigarane Bjørn Stafset og Laila Kristin Stafset.
Nett No har tidlegare omtala korleis rekninga til formuesskatten råkar eigarane av møbelfabrikken i Sykkylven og industrikonsernet i Ålesund.
Ørstingen fortel at dei uansett hindringar, ser fram til å få saka innfor ein rettssal – der dei kan få vist dei «øydeleggande konsekvensane dagens regelverk har for norskeigd næringsliv».
Også Geir Olav Høydalsvik som er drivar og eigar av Reknehuset er mellom støttespelarane. På rekneskapsfirmaet si heimeside (ekstern lenke) er det oversikt over alle sentrale dokument i saka.
Publisert: 03.12.2025 15:09
Sist oppdatert: 03.12.2025 15:25






