Kort fortalt

Høgsterett gir Noreg rett

 Noreg har eksklusiv rett til snøkrabben.

14.02.2019
NPK-NTB: Høgsterett har forkasta anken frå eit latvisk fartøy som vart dømt for ulovleg fangst av snøkrabbe utanfor Svalbard.
Høgsterett konkluderer med at Noreg etter folkeretten har eksklusiv rett til å utnytte snøkrabben, og at Svalbardtraktaten ikkje er til hinder for å straffe fiskarar som fangar snøkrabbe utan gyldig norsk løyve.
Dommen kom i storkammer torsdag og er samrøystes.

Publisert: 14.02.2019 15:55

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:36