Kort fortalt

I beit for sesongarbeidarar

Framleis problem å skaffe sesongarbeidarar i landbruket.

NPK
25.05.2022

Grunna koronapandemien har norske bønder dei siste åra hatt store problem med å skaffe sesongarbeidarar frå tredjeland. Gartnerhallen opplyser at det også i år er store utfordringar.

– Det som er enklare i år er at det ikkje lenger er innreiserestriksjonar for dei som vil til Noreg. Men mange sesongarbeidarar fann seg arbeid andre stadar enn i Noreg under pandemien. Fleire av desse kjem kanskje aldri tilbake. Mange bønder har mista kvalifisert arbeidskraft på grunn av dette, seier Gunn Jorunn Sørum, rådgivar i Gartnerhallen, til Nationen.

Også Ukraina-krigen skapar vanska. Tal frå UDI, som Nationen har henta fram, syner at det var 861 sesongarbeidarar frå Ukraina i Noreg 2019 og 498 i 2021. I år blir det truleg vanskeleg å få tak i arbeidskraft frå det krigsråka landet.

– Mange av dei utanlandske sesongarbeidarane har tradisjonelt komme igjen til same arbeidsgivar år etter år. Det er særleg her koronapandemien, og for enkelte no krigen i Ukraina, som har gitt spesielle utfordringar, ved at faste arbeidarar ikkje har høve til å komme tilbake, seier Sørum.

Publisert: 25.05.2022 11:07

Sist oppdatert: 25.05.2022 11:08

Mer om