Kort fortalt

I dag blir plastposar dyrare

Meir enn fire gonger så mykje som før.

01.08.2023

(NPK-NTB): På førehand heldt dei store daglegvarekjedene den nye prisen på plastbereposar hemmeleg, men tysdag morgon er det klart at alle la seg på same pris.

4 kroner og 25 øre er den nye prisen for plastposane som samtidig er reklameplakatar for Kiwi, Meny, Rema 1000 og Coop. Det viser ein ringjerunde som NTB har teke. Det er meir enn fire gonger så mykje som før 1. august 2022. Frå 1. januar og ut juli 2022 var prisen 1 krone, skriv Nettavisen.

For eitt år sidan auka prisen til 2 kroner og frå 1. januar i år til 3 kroner.

Prisen aukar tysdag 1. august fordi kontingenten som forretningane må betale per pose til Handelens Miljøfond blir dobla, frå 1 til 2 kroner.

I 2022 brukte nordmenn 722 millionar plastposar, ifølgje miljøfondet. Det vil seie at kvar person bruker 132 plastposar kvart år. Dette er ein relativt stor nedgang på 100 millionar posar frå 2021 til 2022, men det er altså ikkje nok.

– Sjølv om utviklinga går i rett retning, har vi framleis ein stor jobb framfor oss for å nå Noregs plastposemål, skriv Handelens Miljøfond.

Målet er at Noreg skal ned på 40 plastposar per innbyggjar innan utgangen av 2025.

(©NPK)

Publisert: 01.08.2023 10:55

Sist oppdatert: 01.08.2023 10:55

Mer om