Kort fortalt

Ikkje aktuelt å fjerne heilagdagar

Vil ikkje følgje danskane.

23.01.2023

(NPK-NTB-Marius Helge Larsen): Nyleg fekk danskane plutseleg beskjed om at ein av heilagdagane deira kan forsvinne. Dette er førebels ikkje aktuelt i Noreg, roar regjeringa.

Arbeids- og inkluderingsdepartementet opplyser at fjerning av fridagar ikkje er på dagsordenen.

– Det har ikkje vore diskutert å fjerne offentlege høgtidsdagar og fridagar i Noreg, seier statssekretær Maria Walberg (Ap) til NTB.

Det er heilagdagen store bededag som står i fare for å forsvinne i Danmark. Den danske regjeringa vil ha han bort og meiner det kan skaffe 3 milliardar danske kroner ekstra til statskassa. Pengane skal brukast til å styrkje det danske forsvaret.

Saka har skapt stor debatt i Danmark. Ni opposisjonsparti motset seg planane og har komme opp med ein plan for å sleppe å miste fridagen. Men regjeringa står på sitt.

Store bededag er ein årleg heilagdag i Danmark, som fell fire veker etter påske. Den vart innført på 1600-talet, og tanken var at kroer og forretningar skulle halde stengt slik at folk kunne gå edru i kyrkja og be i staden.

Også i Noreg har vi hatt bededag. I 1916 vart han flytta til fredag før allehelgensdag. Deretter vart han i 1950 flytta til allehelgensdag – bot- og bededagen – i 1950. Men han er altså ikkje ein offisiell heilagdag.

Danmark har i dag elleve heilagdagar, og vil ende opp med ti dersom bededagen blir fjerna.

I Noreg har vi desse tolv heilag- og høgtidsdagane:

* 1. nyttårsdag (1. januar)

* Skjærtorsdag (siste torsdag før første påskedag)

* Langfredag (siste fredag før første påskedag)

* Første påskedag (første søndag etter første fullmåne som kjem på eller etter 21. mars)

* Andre påskedag (første måndag etter første påskedag)

* Kristi himmelfartsdag (sjette torsdag etter første påskedag)

* Første pinsedag (sjuande søndag etter første påskedag)

* Andre pinsedag (første måndag etter første pinsedag)

* Første juledag (25. desember)

* Andre juledag (26. desember)

* 1. mai (høgtidsdag)

* 17. mai (høgtidsdag)

Publisert: 23.01.2023 10:00

Sist oppdatert: 23.01.2023 10:01

Mer om