Kort fortalt

Ikkje fleire olje- og gassinvesteringar

Det har Finansdepartementet bestemt.

08.03.2019
NPK-NTB: Statens pensjonsfond utland skal ikkje lenger investere i selskap som driv med leiting og produksjon av olje og gass, har Finansdepartementet bestemt.
Avgjerda vart offentleggjort fredag formiddag.
Rundt 6 prosent av aksjebehaldninga til Statens pensjonsfond utland er i olje og gass-sektoren. Det svarer til ein samla verdi på rundt 320 milliardar kroner.

Publisert: 08.03.2019 12:36

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35