Kort fortalt

Ikkje fleire på arbeidsavklaring

Held seg stabilt.

18.08.2022
(NPK-NTB): Ved utgangen av juni fekk 136.000 personar arbeidsavklaringspengar. I andre kvartal er talet redusert med 700 personar.

3,9 prosent av befolkninga i alderen 18 til 66 år fekk arbeidsavklaringspengar (AAP) ved utgangen av juni 2022. Delen er redusert 0,1 prosentpoeng frå førre kvartal, skriv Nav i ei pressemelding.

– Talet på personar som får arbeidsavklaringspengar, held seg stabilt, med berre ein svak reduksjon i andre kvartal. Nedgangen kjem mellom anna av at personar som var ferdig avklarte til arbeid, gjekk ut av ytinga, seier Nav-direktør Hans Christian Holte.

(©NPK)

Publisert: 18.08.2022 16:07

Sist oppdatert: 18.08.2022 16:09

Mer om