Kort fortalt

Ikkje lokale tiltak i Ørsta og Volda

Sjå pressekonferanse om koronasituasjonen.

Marius Rosbach
02.08.2021

(NPK-NTB): Sunnmørskommunane Ørsta og Volda vil ikkje innføre lokale koronatiltak etter smitteutbrotet.

Totalt 125 personar i kommunane har testa positivt for koronaviruset den siste veka, seier ordførar i Ørsta kommune, Stein Aam (Sp), på ein pressekonferanse.

(saka held fram under)

Sjå opptak av pressekonferansen:

Kommuneleiinga i Ørsta og Volda har måndag formiddag hatt eit møte med kommuneoverlegane sine for å vurdere den vidare handteringa av situasjonen.

Kommunane seier at dei ikkje vil innføre ei lokal forskrift med ytterlegare avgrensande tiltak, då dei ikkje reknar det som nødvendig.

– Det er i stor grad takka vere at folk har teke ansvar og følgt oppmodingane vi har gitt, seier ordføraren i Volda, Sølvi Dimmen (Sp), på pressekonferansen.

Det har i løpet av måndag formiddag vorte registrert to nye smittetilfelle i kommunane.

I Ørsta har no til saman åtte tilsette i helse- og omsorgstenesta testa positivt for viruset, melder kommunen. Dei jobbar i seks ulike seksjonar, og alle nærkontaktar er kontakta og aktuelle pasientar og brukarar er testa.

(©NPK)

Publisert: 02.08.2021 14:16

Sist oppdatert: 02.08.2021 14:21

Mer om