Kort fortalt

Hardt slag for laksedorgarane

Ikkje lenger lov å fiske villaks langs kysten.

06.03.2021

Det er ikkje lenger lov å fiske villaks i kystområda sør for Finnmark. Også fiske med krokgarn blir stansa, opplyser regjeringa.

– Vi har eit unikt mangfald av laksebestandar i Noreg, som vi må ta vare på. I dag er mange av bestandane små og trua. Derfor gjer vi no innstrammingar i sjølaksefisket for å gi villaksen betre vern, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i ei pressemelding.

Han seier det ikkje er ei enkel avgjerd å avgrense ein aktivitet som har lange tradisjonar i kystkulturen, og har forståing for at sjølaksefiskarane er skuffa.

– Samtidig er dette nødvendig for å ta vare på dei nasjonale og internasjonale forpliktingane vi har til å ta vare på naturmangfaldet i sjøen.

Miljødirektoratet skal evaluere effekten av reguleringane etter eit år.

(©NPK)

Publisert: 06.03.2021 07:43

Sist oppdatert: 22.03.2021 08:32