Styringsrenta i Noreg blir halden på 0,5 prosent, kunngjorde Noregs Bank torsdag.
Renta låg under koronapandemien lenge på 0 prosent, men vart heva til 0,25 prosent i september i fjor og seinare til 0,5 prosent i desember.
Noregs Bank har varsla at dei planlegg å setje renta vidare opp i mars dersom den økonomiske situasjonen held seg.
Publisert: 20.01.2022 10:11
Sist oppdatert: 20.01.2022 10:12