Kort fortalt

Industrien aukar omsetning og volum

Ferske SSB-tal.

06.01.2023

(NPK-NTB): Norsk industriomsetning held fram med å auke, ikkje berre på grunn av auka prisar og valutakursar. Dei fleste industriar aukar også produksjonen.

Produksjonstal for olje og gass, industri, bergverk og kraftforsyning viser ein oppgang i produksjonsvolumet for perioden september til november på 0,7 prosent, samanlikna med dei tre månadene før det. Det viser sesongjusterte tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Omsetninga i industriane auka totalt med 2,3 prosent i perioden samanlikna med førre tremånadersperiode, viser sesongjusterte tal.

Bygging av skip og oljeplattformer bidrog kraftig til oppgangen i industriproduksjonen, med ein auke på 6,1 prosent i denne perioden. Også maskinreparasjon- og installasjon og næringsgruppa oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri hadde oppgang. På den andre sida bidrog møbelindustrien til å dempe den totale auken. Møbelproduksjonen fall 7,5 prosent.

Mest auka omsetninga innan oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri. Desse auka industriomsetninga med 7,4 prosent. Eksportmarknaden driv oppgangen i næringsgruppa. Det auka volumet innan bygging av skip og oljeplattformer bidrog til ein omsetningsauke der på heile 13 prosent. Næringsmiddelindustri hadde ein auke på 2,3 prosent.

Nokre næringar hadde nedgang i omsetninga. Metallindustrien hadde størst nedgang, med 3,4 prosent.

(©NPK)

Publisert: 06.01.2023 09:44

Sist oppdatert: 06.01.2023 09:49

Mer om