Kort fortalt

Industripartiet over 6 prosent på måling

Verken borgarleg eller raudgrønt fleirtal.

09.01.2024

(NPK-NTB): Industri- og Næringspartiet (INP) får det beste resultatet i historia med 6,1 prosent på Nettavisens måling. Samtidig fall både Høgre og Arbeidarpartiet.

– Å, dæven, det var jo veldig bra. Det viser at vi blir lagde merke til, seier fungerande partileiar Joar Nesse til avisa.

På denne målinga blir partiet som vart stifta i 2020, Noregs sjette største parti. Partiet er større enn både Raudt, MDG, Venstre og KrF, og nærmar seg Senterpartiet i storleik.

Resultatet er ei dobling frå valresultatet i kommunevalet i fjor haust, då INP fekk 3 prosent av stemmene.

Verken den borgarlege eller raudgrøne fløya får fleirtal på målinga. Høgre går mest tilbake i målinga, med 1 prosentpoeng til 23,5 prosent. Erna Solbergs parti er likevel størst.

Resultata for alle partia med endring frå desember i parentes:

Høgre 23,5 (-1), Ap 18,5 (-0,4), Frp 14,5 (+0,3), SV 9,1 (-0,6), Sp 7,8 (+0,1), Venstre 5,3 (-0,8), Raudt 5,6 (-0,1), MDG 3,6 (+0,1), KrF 4,6 (+1,3), INP 6,1 (+1,3) og andre 1,5 (-0,2).

Målinga er utført av InFact for Nettavisen, der 1087 personar vart spurde om kva dei ville stemt om det var stortingsval i morgon. Målinga vart teken opp 3. januar, og feilmargingen for partia er +/- 0,7 til 2,5 prosent.

(©NPK)

Publisert: 09.01.2024 14:39

Sist oppdatert: 09.01.2024 14:39

Mer om