Kort fortalt

Influensaen på frammarsj

Kraftig vekst siste to veker.

22.12.2021

Influensaen er no på frammarsj i Noreg, stadfestar Folkehelseinstituttet (FHI).

Dei siste par vekene har det vore ein kraftig vekst i influensatilfella, sjølv om talet i seg sjølv er lågt og «langt under normalen», skriv FHI i vekerapporten sin om koronaviruset for veke 50.

Det er hovudsakleg H3N2-viruset som står for spreiinga.

Dei nye smitteverntiltaka mot korona kan ifølgje FHI òg avgrense smittespreiinga av influensa og andre luftvegssjukdommar. Det er dermed uvisst om spreiinga vil halde fram med å auke.

Publisert: 22.12.2021 15:58

Sist oppdatert: 22.12.2021 16:00