Kort fortalt

Ingen avtale for krabbeskal-selskap

Volda-selskap oppløyst.

NPK
27.07.2021

(NPK): Det vart ingen industriavtale for gründeren som ville byggje industri på å utnytte eit restråstoff. Selskapet er no oppløyst.

Gründeren Arne Ragnar Ørstavik frå Volda sitt samarbeid med Møreforsking og Hitramat AS i Trøndelag, blir ikkje noko av, skriv Sunnmørsposten.

Ørstavik og nokre andre sunnmørske investorar, i tillegg til Hitramat, danna selskapet Hitra Chitosan i første kvartal 2020. 9. juni i år vart selskapet formelt oppløyst, ifølgje Brønnøysundregistera.

Planen var å framstille kitosan, eit miljøvenleg stoff med mange bruksområde, frå krabbeskal.

– Hitra Chitosan fekk ikkje avtalen om levering som var naudsynt for å setje i gang investeringar og produksjon, seier gründeren til Sunnmørsposten.

Trass gode resultat frå Møreforsking frå kitosanproduksjonen, vart det ingen avtale.

– Hitramat og eigarane der har valt å ikkje gå vidare med avtalen, og ønskjer heller å produsere krabbemjøl, seier Ørstavik.

(©NPK)

Publisert: 27.07.2021 17:39

Sist oppdatert: 27.07.2021 17:41

Mer om