Ingen fleire smitta på russetrålar
Også smitteutbrotet knytta til Brooklyn pub er stansa.
Ålesund kommune opplyser i ei pressemelding laurdag at ein fredag kveld og tidleg laurdag fekk meldt til saman åtte personar med koronasmitte.
Seks av dei er definert som nærkontaktar og var i karantene.
To av dei åtte er testa etter at dei var på Mølla Pub helga 30.-31. juli.
To av dei som er smitta arbeider ved Sport 1 –Digerneset. Tilsette som har vore i nærkontakt med dei er i karantene. Kommunen bed kundar som har vore i butikken tysdag 3. august til og med fredag 6. august kl. 11 om å vere oppmerksom på symptom og teste seg.
To personar har i tillegg testa positivt på hurtigtest ved innreise over Vigra. Begge er sett i isolasjon og det er tatt PCR-test for stadfesting.
Kommunen opplyser at det store smitteutbrotet relatert til indre bydel av Ålesund og Brooklyn er stansa. Til saman 65 vart smitta.
Den russiske trålaren Zvezda Murmana er no ute av karantene. 29 av 30 som var smitta er no friske, medan ein person framleis er sjuk.
Status per laurdag 7. august: 87 personar er i isolasjon. Cirka 350 er i karantene, vert det opplyst.
Publisert: 08.08.2021 09:30
Sist oppdatert: 08.08.2021 12:10