Fire timar på overtid vart det semje i meklinga mellom pilotane i selskapet Bristow og arbeidsgivarsida, opplyser Parat.
Dermed er ein streik som ville ha ramma store delar av oljeverksemda i Nordsjøen, avverja.
Pilotane i Bristow Norway AS vart natt til tysdag samde om ny tariffavtale med arbeidsgivar. Tillitsvald for Bristow-pilotane Johan Forsman peikar på at pilotane har forhandla fram ein avtale som gir alle partar større handlingsrom.
Pilotane får ein avtale på linje med frontfaget for 2020 og 2021, i tillegg til at dei har bidrege med nødvendige innsparingar for selskapet, opplyser Parat i ei pressemelding.
– Pilotane har bidrege til innsparingar som vil gi selskapet auka konkurransekraft i åra framover. Vi forventar at kostnadsreduksjonane, og føreseielegheita vi no har vorte samde om, sikrar arbeidsplassane for framtida. seier Forsman.
Forhandlingsleiar Lars Petter Larsen i Parat er glad for at streiken er hindra.
– Bristow er lokalisert i Bergen, på Ekofisk, i Florø, Hammerfest og i Stavanger. Ein streik ville derfor ramma store delar av trafikken knytt til norsk oljeproduksjon. Det unngår vi no, etter å ha vorte samde med arbeidsgivar, seier Larsen.
Meklingsfristen for Parat og NHO luftfart gjekk ut ved midnatt, og 67 pilotar var omfatta av det første streikeuttaket tysdag, ifølgje Riksmeklaren. Det var meld plassoppseiing for i alt 158 medlemmer.
(©NPK)
Publisert: 10.08.2021 08:38
Sist oppdatert: 10.08.2021 09:03