Kort fortalt

Ingen skadd då Brattvåg-båt gjekk på grunn

Fiskefartøy måtte vente på flo for å kome laus.

10.02.2025

Ingen av dei 15 om bord kom til skade då fiskebåten Koralhav gjekk på ei grunne sør for Litlbjørnøya i Nordland natt til måndag, skriv Sunnmørsposten

Fartøyet fekk hjelp frå ei redningsskøyte og måtte vente på tidevatnet, då den blei slept av grunna. 

Dagleg leiar Ronny Nogva i Brattvåg-selskapet fortel til avisa at situasjonen gjekk «ryddig» føre seg. Det skal ikkje vere synlege skader på båten, men den går likevel til Sandnessjøen for ein sjekk, skriv avisa. 

Publisert: 10.02.2025 10:43

Sist oppdatert: 10.02.2025 10:43

Mer om