Kort fortalt

Ingen streik i byggebransjen

Semje i lønnsoppgjeret.

05.04.2022

(NPK-NTB): Tolv timar på overtid vart det semje i meklinga i byggfaget. Dermed blir det ikkje streik for 16.200 tilsette.

Det er Fellesforbundet som melder om semja.

– Gjennom dette oppgjeret skaper vi ein byggjebransje med meir seriøsitet, der det blir meir attraktivt å jobbe, og som satsar på kompetanse, seier forhandlingsleiar Per Skau

– Auka lønn og betre vilkår vil gjere det mogleg å tiltrekkje seg den arbeidskrafta byggjebransjen treng, legg han til.

Lønnsauken blir teken ut med 4 kroner i generelt tillegg, auke i minstesats for fagarbeidarar med 10 kroner timen, auka overtidsgodtgjersle og påslag på alle akkordtariffar, ifølgje Fellesforbundet.

Publisert: 05.04.2022 13:42

Sist oppdatert: 05.04.2022 13:43

Mer om