Kort fortalt

Ingeniør-jobbar i fare

Ingeniørar kan mista jobben med ny forskrift.

05.09.2016
(NPK-NTB): Ei ny forskrift gjer at ingeniørar med fleire tiårs arbeidserfaring risikerer å ikkje kunna utføra jobbane sine, skriv Teknisk Ukeblad.
Den nye byggjesaksforskrifta, som tok til å gjelda i januar, stiller høgare krav til ingeniørar som mellom anna skal utføra brannsikring, installering av sløkkjeanlegg, VVS og elektro i større bygg.
Tidlegare kunne denne typen arbeid gjerast av ein ingeniør med bachelorgrad, som normalt svarar til 180 studiepoeng. Med dei nye krava kan arbeidet berre utførast av personar med universitetsutdanning som svarar til 300 studiepoeng, skriv .
– På denne måten kan ingeniørar med 35 og 45 års arbeidserfaring mista jobben sin då dei ikkje lenger kan utføra denne typen arbeid, seier NITO-president Trond Markussen til avisa.
Fagorganisasjonen, som har over 80.000 medlemmer, arbeider med å kartleggja kor mange ingeniørar som blir ramma av den nye forskrifta.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) viser til at EØS-regelverk er årsaka til dei nye krava. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) skriv til Teknisk Ukeblad at han forstår frustrasjonen i bransjen og seier regjeringa har sett i verk tiltak for å hindra utilsikta konsekvensar av endringane i regelverket. (©NPK)

Publisert: 05.09.2016 22:15

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:44