Kort fortalt

Innreisestopp forlenga til 7. april

Truleg også vidare, ifølgje justisministeren.

12.03.2021

(NPK-NTB): Avgrensingane på innreise til Noreg blir førebels vidareførte fram til 7. april. Truleg blir dei fleste restriksjonane forlengde også etter det.

– Strenge innreisereglar vil vidareførast også etter 7. april, men vi vil fram til den datoen sjå på om det kan opnast for nokre få utvalde grupper, sa justisminister Monica Mæland (H) på ein pressekonferanse fredag.

Innreiserestriksjonane som vart innførte 27. januar, betyr at det i praksis berre er mogleg for personar med nødvendige formål å reise til Noreg.

Publisert: 12.03.2021 13:29

Sist oppdatert: 12.03.2021 13:31

Mer om