Kort fortalt

Innrømmer feil før dødsulukke

Fekk fleire varsel om glatt vegbane.

22.01.2024

(NPK-NTB): Statens vegvesen innrømmer at dei fekk fleire varsel om glatt vegbane timar før dødsulykka på E39 onsdag førre veke.

Entreprenøren som har ansvar for å brøyte og salte vegen, vart aldri oppringd om dette, skriv Sunnmørsposten.

Det var onsdag førre veke at ei kvinne i 50-åra omkom, etter ei ulykke mellom ein bil og ein trailer på E39 i Sula på Sunnmøre. Kvinna var førar av personbilen.

– I dette tilfellet vart det ringt til entreprenøren som driftar fylkesvegen i same område, men det vart dessverre ikkje ringt til entreprenøren på riksvegen, som har ansvaret for området der ulykka skjedde. Det er ein feil frå vår side, seier leiar Kurt Jomar Breistrand for Vegtrafikksentralen midt til avisa.

Han fortel at vegen vart salta to gonger dagen før ulykka, men ikkje same dag som dødsulykka.

Statens vegvesen vil no gå gjennom prosedyrane sine på kvifor førespurnadene ikkje vart følgt opp.

(©NPK)

Publisert: 22.01.2024 17:26

Sist oppdatert: 22.01.2024 17:26

Mer om