NPK: Fiskeridirektoratet gjer fangstdata tilgjengeleg i eit interaktivt kart. Slik kan alle finna ut kor mykje fisk ein båt har fangsta og i kva kommune fisken er levert.
– Fangstdata blir stadig meir etterspurt av offentlegheita, og for å gjera fangstdataa tilgjengeleg for alle, har me laga ei interaktiv visning av kva dei enkelte fiskemottaka tar mot av fisk, spesifisert på fiskeslag og kva for fiskefartøy som leverer fangsten, seier direktør Per Sandberg i statistikkavdelinga i Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.
I kan ein trykka seg fram til region og kommune. Deretter kan ein velja fiskemottak og fartøy. Søket kan tidsavgrensast til siste veke eller siste døgn.
Den interaktive visninga bruker fangstdata for 2019 frå landings- og sluttsetelregisteret, som Fiskeridirektoratet tidlegare har lagt ut som opne data.
Prisen for fisken er rekna som sensitiv informasjon i eitt år etter landing og er derfor ikkje med i denne visninga, opplyser direktoratet.

Publisert: 11.03.2019 12:32
Sist oppdatert: 10.02.2021 15:35