Kort fortalt

Investorar sel unna utleigebustader

Meiner det ikkje lengre lønner seg å eige.

25.01.2024

(NPK-NTB): Det lønner seg ikkje lenger å eige utleigebustader i hovudstaden, ifølgje investorane. No sel mange utleigarane unna leilegheitene dei eig.

Barna til investor og milliardær Trond Mohn, Louise Mohn og Christine Mohn Furre, skal selje minst 200 av totalt 400 utleigeleilegheiter dei eig på Frogner i Oslo. Utleigeverksemda har vorte eit tapsprosjekt, skriv Finansavisen.

– Skatterekninga har auka med 108 prosent på få år. Ein treng ikkje akkurat å vere siviløkonom for å skjønne at utleige ikkje er lønnsamt lenger, seier Anders Langtind i Privatmegleren til Finansavisen.

Også Pål Georg Gundersen , Thomas Løvsland og Leif Botolf Hesle er blant investorane som ikkje lenger finn det lønnsamt å drive med utleige.

– Ivar Tollefsen er jo også i gang og held på å klargjere 2.200 leilegheiter i Oslo for sal, fortel Langtind som har fått ansvaret for å selje ut store delar av eiendomsportefølgen til Mohn-søstrene.

– Det ekstreme skattetrykket som er på utleige av bustader no, gjer at dei taper minst 30 millionar i året på 400 leilegheiter, forklarer han.

Han seier det er ikkje er rart at husleigene aukar når investorar sel eigedommane sine. Dei utleigarane som er att skrur også opp prisane.

(©NPK)

Publisert: 25.01.2024 10:35

Sist oppdatert: 25.01.2024 10:35

Mer om