Irene rasar over norsk makrellfangst
Ber EU tar grep.
(NPK-NTB-Bibiana Piene): Norske fartøy får igjen fiske makrell i britisk farvatn. No rasar irske fiskarar – som ber EU ta grep.
Førre veke tok norske fiskarar opp over 53.000 tonn makrell i britisk sone, ifølgje magasinet The Fishing Daily .
No kjem den irske fiskarorganisasjonen Killybegs Fishermen’s Organisation (KFO) med ramsalt kritikk.
Dette er overfiske som truar den allereie sårbare makrellbestanden, rasar KFO.
– Noreg kapitaliserer på makrell i britisk farvatn på eit tidspunkt der bestanden er i alvorleg fare. Det er på tide at EU grip inn, seier KFO i ei fråsegn.
Kritikken kjem i kjølvatnet av at EUs landbruks- og fiskeriministrar måndag samla seg i Brussel for å einast om ein posisjon vis-à-vis Noreg i kvoteforhandlingane som startar i oktober.
EU-landa har lenge vore svært misfornøgde med Noreg i desse forhandlingane. No truar EU med å stramme grepet, mellom anna gjennom å innføre sanksjonar, som toll på sjømatimport, dersom nokre land fiskar så mykje at det vitskaplege bestandsmålet blir overskride.
Særleg makrellfisket har i lang tid vore ei svært øm tå i forholdet mellom EU og Noreg.
I åra 2014–2020 hadde Noreg, EU og Færøyane ein trepartsavtale om makrellfisket, men etter at forhandlingane braut saman, har det ikkje vore nokon avtale om kvotar på plass.
Det har medført at Noreg einsidig har sett eigne kvotar.
For 2024 er det sett ein makrellkvote på nærare 740.000 tonn, ifølgje Fiskeridirektoratet.
I fjor var første gong sidan brexit at norske fartøy fekk tilgang til å fiske i britisk sone, som følgje av ein bilateral avtale med Storbritannia. Då vart den norske kvoten sett til om lag 135.000 tonn. Heile kvoten vart nytta, ifølgje Fiskeridirektoratet.
(©NPK)
Publisert: 26.09.2024 09:22
Sist oppdatert: 26.09.2024 09:22