NPK: I fjor innførte styresmaktene på Island krav om at ein uavhengig inspektør måtte filme alle skotsituasjonar på kval. Ein gjennomgang av videoane har ført til stans i kvalfangst på Island.
Videoane viste at berre 60 prosent av kvalane døydde momentant, skriv Aftenposten.
Dei andre kvalane levde eit stund etter å ha vorte trefte. Dermed konkluderte styresmaktene med at jakta ikkje var i tråd med dyrevelferdslova.
Ifølgje Aftenposten vil ikkje regjeringa gjere noko for å forsikre seg om at norsk kvalfangst går føre seg i tråd med dyrevelferdslova.
– Vi har ingen indikasjonar på at gjennomføring av norsk kvalfangst bryt med dei etiske standardane som gjeld for norsk dyrevelferd, skriv avdelingsleiar Petter Meier i Nærings- og fiskeridepartementet i ein e-post til Aftenposten.
Publisert: 03.07.2023 12:10
Sist oppdatert: 03.07.2023 12:10