Kort fortalt
It-bedrift i Stryn er kjøpt opp
Får nye eigarar etter 36 år i bransjen.
05.02.2024
It-selskapet Sico Data i Stryn med seks tilsette, er kjøpt opp av Columbi Micro, ifølgje Sunnmørsposten.
Kjøparane har hovudkontor i Moss, men er mellom anna også representert i Ålesund og Førde.
Stryn-selskapet går inn i Columbi Micro, som etter oppkjøpet vil telle 40 tilsette, blir det opplyst i ei pressemelding. Dei ventar ei omsetning i år på kring 90 millionar.
I det siste offentlege rekneskapen i 2022 omsette selskapet for knappe 44 millionar og hadde ein resultatmargin på kring ti prosent.
Publisert: 05.02.2024 16:43
Sist oppdatert: 05.02.2024 16:43