Kort fortalt

Ja til høg gassproduksjon

Tre gassfelt får justert produksjonsløyve.

16.03.2022

NPK-NTB: Tre norske gassfelt har fått justert produksjonsløyva sine og vil dermed få halde fram med den høge produksjonen sin framover.

– Desse vedtaka vil ikkje auke den samla daglege eksporten av gass frå norsk sokkel vesentleg, men legg til rette for at dagens høge leveransenivå kan førast vidare framover. Nærare spørsmål om kva dette vil bety for produksjonsvolum frå dei ulike felta, må rettast til operatøren for dei ulike felta, skriv Olje- og energidepartementet i ei pressemelding.

Det dreier seg om felta Oseberg, Troll og Heidrun. I ei pressemelding skriv Equinor at auken i løyva gjer det mogleg å halde oppe produksjonen på same nivå gjennom sommarmånadene og fram til 30. september. Oseberg og Troll kan eksportere rundt ein milliard kubikkmeter ekstra gass, medan Heidrun har moglegheit for 0,4 kubikkmeter meir.

Publisert: 16.03.2022 10:06

Sist oppdatert: 16.03.2022 10:09