Kort fortalt

Jaktar bussdepot i Molde

Fylket vil eige eller leige bussdepot i alle byane.

17.01.2022

Møre og Romsdal fylkeskommune er på tomtejakt i Molde og har planar for ein sentrumsnær base – eit bussdepot – for minst 30 bussar.

Det opplyser fylkeskommunen i ei pressemelding.

Frå 1.1.2025 startar ein ny kontraktsperiode for rutepakke Molde, og frå same dato skal eit nytt bussdepot vere operativt.

Elin Larsen Blø, rådgivar for eigedomsforvaltning i Møre og Romsdal fylkeskommune, ønskjer ei sentral plassering av det framtidige bussdepotet i Molde:

- Det blir lagt stor vekt på nærleik til Molde sentrum, og at plasseringa er slik at aktiviteten i minst mogleg grad forstyrrar naboar. Dessutan vil vi legge stor vekt på moglegheita for avkøyring frå hovudveg og at tilkomsten er enkel, god og trafikksikker, seier Blø, som ber om at dei som har tomt for sal eller leige tek direkte kontakt med ho, seier ho i pressemeldinga.

Fylkeskommunen vil sjølv eige eller leige bussdepota i alle dei tre byane i fylket. Dette for å gi same vilkår til alle operatørar som vil vere med å konkurrere om drift av kollektivtrafikk/rutepakkar i fylket.

- I forbindelse med framtidige konkurransar om drift av kollektivtrafikk/rutepakkar, ønsker Møre og Romsdal fylkeskommune å kunne tilby lokale og tomt til det selskapet som vinn konkurransen. Vi vil ikkje at deltakarar i ein konkurranse skal ha fordel av å ha sitt eige bussdepot, eller at operatørar som ikkje har det ikkje kan delta i konkurransen, seier rådgivar Rolf Stavik i Møre og Romsdal fylkeskommune.

I Kristiansund er planen å bygge eit nytt bussdepot ved Pilotvegen, like ved Kristiansund lufthamn Kvernberget, der Møre og Romsdal fylkeskommune er i ferd med å kjøpe ein eigedom.

I Ålesund ønsker fylkeskommunen å kjøpe tomt i nærleiken av Moa. Også der er det krav om at busstrafikken i minst mogleg grad forstyrrar naboar. Ny kontraktsperiode startar i 2030.

Behov på tomta i Molde:

  • Tomt på 6-10 dekar
  • Parkeringsareal for minimum 30 bussar
  • Parkeringsareal tilsettebilar
  • Moglegheit for å etablere tankanlegg for gassdrivne bussar
  • Moglegheit for å etablere ladestasjon
  • Sykkelparkering

Eventuell bygningsmasse på tomta kan huse:

  • Vaskehall med utvendig- og innvendig vask
  • Kontorlokale
  • Kjøkken/pauserom
  • Møterom
  • Sjåførrom
  • Kvilerom/stillerom
  • Garderobar

Publisert: 17.01.2022 11:40

Sist oppdatert: 17.01.2022 11:43

Mer om