Kort fortalt

Jobbkollaps i overnatting og servering

Men auke i sosial- og helsetenester.

25.03.2021

Meir enn kvar tredje jobb vart borte i overnatting og servering frå februar i fjor til februar i år, viser nye SSB-tal. Strenge koronatiltak er årsaka.

Talet på jobbar gjekk ned med over 80.000 i denne perioden, noko som er ein nedgang på 2,8 prosent.

Nesten halvparten av nedgangen skjedde i overnatting og servering. Her var det ein nedgang i talet på jobbar på heile 35 prosent i perioden, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Den rekordstore nedgangen i overnatting og servering må sjåast i samanheng med dei nye nasjonale tiltaka som vart innførte i byrjinga av 2021, seier rådgivar Stine Bakke.

Kraftig nedgang var det òg i næringa transport og lagring, der det var 10,3 prosent færre jobbar.

Innan informasjon og kommunikasjon har det derimot vore ein vekst i talet på jobbar. Her var auken på 2,2 prosent frå februar 2020 til februar 2021, ifølgje førebelse tal.

Også i finansiering og forsikring, og dessutan i offentleg administrasjon var det auke, på høvesvis 1,9 og 1,5 prosent.

Talet jobbar i helse- og sosialtenester auka med 1,0 prosent i denne perioden. Sidan denne næringa sysselset svært mange var det her jobbveksten var størst målt i talet på jobbar.

Publisert: 25.03.2021 09:24

Sist oppdatert: 25.03.2021 09:26