Kort fortalt

Jonny Berfjord tok eit år til

Attvald som styreleiar i Fiskebåt.

26.03.2021

Jonny Berfjord frå Dønna blei torsdag attvald som styreleiar for interesse- og arbeidsgivarorganisasjonen Fiskebåt for eitt år til. Det avgjorde eit samrøystes digitalt årsmøte, skriv Fiskebåt.

Berfjord skulle normalt gått av som styreleiar på årsmøtet i år, men på grunn av koronapandemien og at det i tillegg er i eit år med stortingsval, spurte valnemnda om han kunne site eit år til.

- Vi meiner det er viktig å ha kontinuitet når situasjonen er så spesiell som den er i år. Det ville difor vere vanskeleg for ein ny styreleiar å ta over no, sa leiar i valnemnda Janne Grethe Strand Aasnæs til årsmøtet.

Fiskebåt opplyser på si heimeside at det blei heller ingen andre store utskiftingar i styret. Einaste endringa er at Webjørn Barstad går ut av styret som følge av byte av jobb, og blir erstatta av Eldar Farstad.

Publisert: 26.03.2021 06:07

Sist oppdatert: 26.03.2021 06:10

Mer om