Jordbærbønder kan droppe sesongen
Får ikkje tak i arbeidskraft
(NPK-NTB-Ole Henrik Tveten) Koronastengde grenser gjer at norske bønder manglar arbeidskraft. No vurderer enkelte å droppe heile jordbærsesongen.
Om eit par månader er jordbæra modne, men jordbærprodusentane slit med å få inn arbeidskrafta dei treng til å plukke bæra.
– Eg har prøvd å få tak i norske arbeidarar, men det er få som har meldt seg. Viss eg ikkje får tak i fleire, så har eg så få plukkarar at då trur eg at eg ikkje gidd å plukke i år, seier jordbærprodusent Einar Glesne til Drammens Tidende.
Saman med sonen Tor Gunnar Bjøre produserer han 150 tonn jordbær i Krødsherad kvar sommar, men i år står store delar av avlinga i fare for å ryke dersom dei ikkje får tak i nok arbeidskraft.
– Dei norske er her kanskje i tre, fire dagar, og så seier dei at jobben er for hard så dei gidd ikkje meir og sluttar. Dei får pengar frå Nav likevel. Dei utanlandske er her for å få pengar, og tener godt dersom dei er effektive, seier Glesne.
Nav opplyser at ei av utfordringane for uerfarne arbeidarar i landbruket, er at det blir praktisert akkordlønn der.
– I nokre tilfelle kan dagpengane vere høgare enn lønna nye tilsette vil få frå matprodusentane. Sluttlønna er då avhengig av kor mykje du produserer. Ikkje alle klarer å produsere nok til at dei når opp til minimumslønn eller nivået dei vil ha på dagpengar, seier Ingar Heum, avdelingsdirektør for tenesteutvikling i Nav Vestre Viken.
Arbeidarpartiet meiner derimot at ungdommen kan trå til for å sikre at jordbæra hamnar i korgene.
Nils Kristen Sandtrøen, landbrukspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet, meiner det er feil, slik enkelte jordbærprodusentar påstår, at folk ikkje gidd å jobbe i jordbæråkeren fordi dei får pengar frå Nav likevel.
– 17-åringar på vidaregåande skule har som klar hovudregel ikkje noko med Nav å gjere. Dei får ingen pengar derifrå.
Sandtrøa meiner at problemet ligg i at regjeringa ikkje lèt Nav rekruttere ute på vidaregåande skular.
– Dermed oppstår det ein pussig situasjon der fleire tusen ungdom no treng sommarjobb, landbruket treng fleire tusen hender i arbeid denne sommaren, men ingen tek eit overordna ansvar for den opplagde oppgåva å kople desse på ein ordentleg måte, seier Aps landbrukspolitisk talsperson til NTB.
Publisert: 26.04.2021 14:02
Sist oppdatert: 26.04.2021 14:04