Kort fortalt

Jublar for å verte stoppa i kontroll

Utanlanlandske sjåførar vil ha betre dekk.

19.11.2019
NPK: Utanlandske vogntogsjåførar køyrer framleis på norske vegar med slitne dekk. Statens vegvesen har opplevd at dei jublar om dei blir stoppa.
Yrkessjåførar som køyrer vogntog i Noreg må møte visse krav frå Statens vegvesen for å få lov til å køyre. Statens vegvesen har dei siste åra opplevd at fleire av sjåførane jublar om dei vert stoppa i kontroll, skriv
– Dei blir glade for at vi stoppar dei. Arbeidsgjevaren meiner sjåførane kan køyre ei stund til på slitne dekk. Det betyr at sjåførane får ein god grunn til å spørje om nye dekk, seier Svein Ove Salt, som er inspektør i Statens vegvesen.
Han trur presset frå arbeidsgjevar om å køyre med ulovlege dekk kan vere stort.

Publisert: 19.11.2019 13:57

Sist oppdatert: 10.02.2021 15:31