Kort fortalt
Kafé konkurs etter eitt år
Satsa på vegansk mat.
27.10.2022
Møre og Romsdal tingrett har opna konkurs i Ålesund-selskapet Vasty As. Ifølgje Sunnmørsposten har selskapet dreve vegansk kafe i sentrum av byen.
Dagleg leiar Fredrik Ulla Staurset meiner dei var uheldige med timinga for opninga i etterkant av sommarsesongen i fjor.
– Eg er glad for at eg fekk sjansen til å prøve, og vi har fått mange gode tilbakemeldingar på matkvaliteten. Det har uansett vore ei fin reise, seier han til avisa.
Gjelda i selskapet er på vel 860.000 kroner og verdiane er anslått til kring 315.000 kroner. Christian Garmann er bustyrar og første skiftesamling er 19. desember.
Publisert: 27.10.2022 10:25
Sist oppdatert: 27.10.2022 10:25