Kort fortalt

Kallar inn til straumhastemøte

Møte tidleg måndag.

NPK
05.08.2022

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har kalla dei parlamentariske leiarane på Stortinget inn til hastemøte om straumsituasjonen måndag klokka 8.30.

Det får Dagbladet stadfesta frå Statsministerens kontor (SMK).

Innkallinga vart send skriftleg til partigruppene fredag ettermiddag, ifølgje avisa. Statsministerens kontor skriv i innkallinga at dei vil gi dei parlamentariske leiarane ei orientering om straumsituasjonen.

Eit par timar seinare, klokka 10.30, skal presidentskapet på Stortinget møtast for å vurdere om heile Stortinget skal kallast tilbake frå sommarferie for å behandle forslag knytt til straumpriskrisa.

Publisert: 05.08.2022 15:39

Sist oppdatert: 05.08.2022 15:40

Mer om