Kallar tilbake snøkrabbeløyve
Regjeringa vil ha strengare kontroll med fisket.
(NPK): Nærings- og fiskeridepartementet bestemde i desember 2023 å avgrense deltakinga i snøkrabbefangst frå 1. januar 2025. Det er derfor i dag vedteke ein kongeleg resolusjon kor dagens snøkrabbeløyve blir kalla tilbake, og nye løyve kan søkjast basert på nye vilkår.
– Det som no er vedteke er ei gjennomføring av avgjerda frå desember 2023. Det er nødvendig med ei strengare avgrensing av deltakinga for å sikre betre lønnsemd i snøkrabbefangsten. Færre deltakarar vil gi meir føreseielegheit for aktørane og avgrense miljøpåverknaden fangsten medfører i form av etterlatne og tapte reiskapar i havet, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss i ei pressemelding.
Det er også vedteke at 10 prosent av totalkvoten av snøkrabbe skal avsetjast til levering av levande snøkrabbe frå 2025. Dette vil vere råstoff som fartøy med nytt snøkrabbeløyve kan søkje om å få fangste på vilkår om avtale med landsindustrien. Fiskeridirektoratet vil få i oppdrag å finne ein god måte å administrere denne avsetninga på, i samarbeid og dialog med næringa.
(©NPK)
Publisert: 24.05.2024 17:50
Sist oppdatert: 24.05.2024 17:50