Kort fortalt

Kan bli båtrute Ålesund-Nordre Kalvøy

Fylkespolitikarane avgjer.

NPK
29.09.2021

(NPK): Når Nordøyruta på Sunnmøre blir avvikla, ønskjer fylkeskommunedirektøren å etablere ei lokal båtrute mellom Ålesund og Nordre Kalvøy. Målet er at denne skal gå to daglege turar på kvardagane, og bestillingsturar laurdag morgon og søndag ettermiddag.

Ved å etablere den lokale båtruta, sikrar fylkeskommunedirektøren i Møre og Romsdal, Ottar Brage Guttelvik, eit varig tilbod til Store Kalvøy, når noverande Nordøyruta blir avvikla, skriv fylkeskommunen i ei pressemelding.

Nordøyruta betener per dags dato reisande frå Harøya, Fjørtoft, Skule/Flemsøy, Haramsøy, Lepsøy. Hamnsund, Store Kalvøy og Valderøy til og frå kommunesenteret Ålesund. Denne ruta blei bestemt nedlagt av fylkestinget for å sikre finansiering av Nordøyvegen som skal gi fastlandssamband til Ålesund.

– Ut ifrå ei samla vurdering vil eg tilrå denne løysinga. Viktige omsyn er mellom anna økonomi og samfunnsøkonomisk lønnsemd, mål om reduserte klimagassutslepp og reduserte bompengeinntekter, seier Guttelvik.

Saka skal behandlast av samferdselsutvalet 4. oktober, og seinare i fylkesutvalet og fylkestinget 18. og 19. oktober.

(©NPK)

Publisert: 29.09.2021 16:13

Sist oppdatert: 29.09.2021 16:14

Mer om