Kort fortalt

Kan bli fleire arbeidsinnreiser

Regjeringa vurderer å lempe på ordninga.

07.04.2021

Neste veke vurderer regjeringa å utvide innreiseordninga for arbeidsreisande ytterlegare, opplyser statsminister Erna Solberg (H).

I dag gjeld ein søknadsbasert innreiseordning for arbeidsreisande. Folk med teknisk kompetanse som gjer arbeid som blir vurdert som strengt nødvendig, får reise inn til Noreg. Seinare har ho òg vorte justert til å omfatte andre nødvendige tenester og kompetanse.

– Vi vurderer å utvide ordninga ytterlegare neste veke. Det overordna målet er i første omgang å prioritere utanlandske arbeidstakarar som kan bidra til å gjere tapet av verdiskaping og jobbar minst mogleg innanfor dei rammene som følgjer av smittevernomsyn, sa Solberg i forklaringa for Stortinget om gjenopning av samfunnet på onsdag.

Publisert: 07.04.2021 13:00

Sist oppdatert: 07.04.2021 13:02

Mer om