NPK-NTB:Områda Frøyabanken nord og Trænabanken kan vere godt eigna for havbruk til havs. I Norskerenna sør er det meir utfordrande.
Det er hovudkonklusjonen i ei utgreiing som fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) fekk overlevert tysdag.
Ho kallar rapporten ein milepæl i arbeidet med å etablere havbruk til havs.
– Det er viktig at vi no har fått ny og oppdatert kunnskap om konsekvensane som havbruk i dei utpeika områda kan ha for miljø, fiskevelferd og sameksistens med andre marine næringar, seier Næss.
Rådgivingsselskapet DNV har på oppdrag frå regjeringa vurdert kva konsekvensar det vil få om ein etablerer havbruk i dei tre områda. Havbruk til havs er akvakultur (fiskeoppdrett, skaldyroppdrett eller dyrking av algar) lenger ut på havet enn det som er vanleg i dag.
Publisert: 23.10.2024 07:45
Sist oppdatert: 23.10.2024 07:47