Kort fortalt

Kan bli store kutt for Innovasjon Noreg

Forslag om 350 millionar mindre.

22.10.2021
(NPK-NTB): I forslaget sitt til statsbudsjett foreslår den avgåtte Solberg-regjeringa å kutte løyvingane til Innovasjon Noreg med vel 350 millionar kroner.

Det kan bety at Innovasjon Noreg må kutte 120 årsverk, skriv Klassekampen.

I budsjettforslaget for 2022, som Støre-regjeringa har arva frå Solberg-regjeringa, er det lagt inn kutt på 150 millionar kroner i driftskostnadene til Innovasjon Noreg.

I tillegg blir det foreslått å kutte 90 millionar av Kommunal- og moderniseringsdepartementets tilskot til satsing på mellom anna bioøkonomi, klyngjeprogrammet og innovasjonspartnarskap, og dessutan 64 millionar til distriktsretta ordningar og 50 millionar frå Næringsdepartementet til utvikling av miljøteknologi.

Ifølgje viseadministrerande direktør Hans Martin Vikdal i Innovasjon Noreg kunne budsjettkuttet neppe komme på eit dårlegare tidspunkt. Innovasjon Noreg har mellom anna ei sentral rolle i omstillinga til eit grønare samfunn.

– Vi bidreg med finansiering, entreprenørskap, innovasjon, internasjonal satsing og eksport som kjem verdiskaping og arbeidsplassar i heile Noreg til gode. Det er ikkje rett tid å byggje ned verkemiddelapparatet, seier Vikdal.

Kva den nye regjeringa vil gjere med kuttet, er førebels uvisst. I Hurdalsplattformen er Innovasjon Noreg berre nemnd éin gong. Der heiter det at regjeringa vil gi Innovasjon Noreg «et tydeligere mandat knyttet til næringsutvikling i distriktene».

(©NPK)

Publisert: 22.10.2021 14:18

Sist oppdatert: 22.10.2021 14:21

Mer om