Kan djuphavsfisk bli ny industri?
Inneheld råstoff med svært høg kvalitet.
(NPK): Dei lever i stummande mørker, og me veit lite om dei. No vil forskarar sjå nærare på korleis ein kan utnytta artane som lever djupt nede i havet.
– Det som er litt særeige med dei mesopelagiske artane, er at dei inneheld råstoff med svært høg kvalitet. Bestanddelane kan brukast til produkt som ein kan selja til høg pris på apotek og helsekost, seier bioteknolog i Maria Alquiza Madina til Gemini.no. Ho tek doktorgrada hjå Sintef Ocean.
Den mesopelagiske sona byrjar på 200 meter under havet og strekker seg ned til rundt 1000 meters djup. Der finst det ikkje lys, men artane som lever der har uante potensial.
– Me ser at fangst som blir henta opp frå denne sona raskt blir broten ned. Det kjem av enzym som rett og slett gjer at fangsten blir ei slags fiskesuppe temmeleg fort
Noko av det Madina ser nærare på er korleis ein kan stabilisera fangsten før nedbrytinga startar.
Om ein klarar å utnytta dei artane som lever i mørket i havet, kan ein avlasta det tradisjonelle fisket og nedbygging av matjord, trur forskarar.
– Næringsinnhaldet i mesopelagiske artar kan brukast til mykje forskjellig, men fyrst må ein uansett stabilisera dei og vidareforedla dei til reine stoff. I ei ideell verd vil dette skje om bord i båten, like etter fangst, seier Madina.
Fiskane me livnærer oss av i dag held til i den pelagiske sona, altså dei store opne vassmassane.
(©NPK)
Publisert: 31.01.2024 12:37
Sist oppdatert: 31.01.2024 12:37