Kan ende med null lakseskatt
Ekspert åtvarar mot smotthol.
Frigrensa som skulle skjerme dei minste oppdrettarane, kan bli eit smotthol som gjer at ingen betaler grunnrenteskatt om nokre år, åtvarar ekspert.
Det er investeringsdirektør Robert Næss i Nordea som kjem med åtvaringa.
– Eg synest eigentleg forslaget om ny lakseskatt er pinleg dårleg. Viss ikkje frigrensa blir endra, så vil ingen betale grunnrenteskatt om tre–fire år, seier han til NRK.
Fiskeriminister Bjørnar Skjæran har framheva at dei største selskapa skal få størst skattetrykk. Det skal mellom anna sikrast med eit botnfrådrag. Men frådraget kan utnyttast, meiner Næss.
– Ein kan selje laks for opptil 400 millionar kroner i året utan å betale grunnrenteskatt. Viss Per og Jens eig eit selskap som saman sel laks for 800 millionar kroner, kan ein unngå grunnrenteskatt ved å splitte selskapet i to og eige kvar sin del, skriv han i eit høyringsinnspel.
Finansdepartementet seier at det berre er mogleg å få eitt botnfrådrag per konsern. Næss meiner likevel det er mogleg å utnytte smottholet ved å ha ulike eigarar.
Publisert: 06.01.2023 08:13
Sist oppdatert: 06.01.2023 08:17