Kort fortalt

Kan få sommarjobbtilskot frå NAV

Ny ordning for unge arbeidsledige.

12.05.2021

Arbeidsgivarar som vil tilby sommarjobb til unge arbeidsledige, kan no få støtte frå Nav.

Den nye ordninga har vore varsla sidan januar. No er forskrifta på plass og tiltaket startar opp 1. juni, skriv Nav i ei pressemelding.

– Unge har vore særleg hardt ramma av pandemien. Spesielt dei som stod utanfor arbeidslivet før koronapandemien, stiller no endå lenger bak i køen. Målet med dette sommarjobbtiltaket er at fleire i denne gruppa skal få moglegheita til å skaffe seg verdifull arbeidserfaring, seier arbeids- og velferdsdirektør Hans Christian Holte.

Tiltaket inneber at arbeidsgivar og Nav spleisar på lønna til den unge i ein avtalt periode. Arbeidsgivarar kan ta kontakt med det lokale Nav-kontoret sitt for å søkje om samarbeid.

Langtidsledige arbeidssøkjarar og personar med nedsett arbeidsevne skal prioriterast.

Publisert: 12.05.2021 10:46

Sist oppdatert: 12.05.2021 10:47

Mer om