Kan få stønad til fiskerapportering
Gjeld fartøy under 15 meter.
Regjeringa foreslår i revidert statsbudsjett at fiskefartøy under 15 meter kan få dekt delar av installasjonskostnadane når dei skal få på plass nytt rapporteringssystem
– Eg foreslår eit tilskot på 7.000 kroner per fartøy, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ei pressemelding torsdag.
Det har vore mykje debatt rundt innføringa av nye rapporteringskrav, der rundt halvparten av alle norske fiskefartøy blir pålagde eit utvida rapporteringssystem. 220 fartøy over 11 meter har fått krav om å ha utstyr for fartøyovervaking (VMs) og full fangstrapportering (ERS) installert innan 1. juli.
Tilskotet er tenkt å dekkje halvparten av kostnadene som elles blir belasta på fiskarane. Ministeren utdjupar avgjerda med at mange av dei minste fartøya har lita omsetning, og at kostnaden då blir uforholdsmessig stor.
Publisert: 12.05.2022 15:58
Sist oppdatert: 12.05.2022 15:59