Kort fortalt

«Kannibalsk laks» kan spare miljøet

Vil bruke meir restråstoff til fôr og mat.

NPK
19.09.2023

(NPK): I staden for å eksportere heil laks bør vi nytte hovud, skinn og bein til laksefôr her heime, meiner forskar.

– No eksporterer Noreg mykje heil laks med hovud, skinn og bein. Dette restråstoffet kunne vi i staden brukt til å lage mat eller laksefôringrediensar her til lands, seier Ingrid Schafroth Sandbakken, næringsstipendiat i Nutrimar i Trondheim og tilknytt Fakultet for naturvitskap ved NTNU, til Gemini.no.

Argumentet er at om vi brukar ein større del av laksen her heime, kan vi gjere oppdrettsindustrien mindre avhengig av å importere ingrediensar til laksefôr. Lokalproduserte råvarer gagnar også miljøet.

– Av restråstoffet kan du lage lakseolje, laksemjøl og laksehydrolysat, forklarer Sandbakken.

(©NPK)

Publisert: 19.09.2023 10:46

Sist oppdatert: 19.09.2023 10:46

Mer om