Kort fortalt

Kaviar-produsent vil bruke pukkellaks

Er interessert i å nytta rogna.

NPK
09.08.2023

(NPK): Pukkellaksen strøymer oppover norske elvar i hopetal. Pure Norwegian Seafood frå Averøy er interessert i å nytta rogna.

– Eg har fått smaka på rogna, og me har vore i dialog med nokre aktørar. Utfordringa er logistikk. Det er berre eit lite vindauge for å få rogna ut for prosessering. Me har ikkje prøvd enno, men har veldig lyst, seier dagleg leiar Eldar Arne Henden i Pure Norwegian Seafood til iLaks.

Til no er det teke over 200.000 pukkellaks ut av norske elvar. På verdsbasis nyttar ein helst rogn frå stillehavslaksen, ifølgje avisa, men rogna til pukkellaksen òg vera eigna til produksjon.

– Det gjeld både storleik, konsistens og smak. Oppdrettsfisken er til samanlikning veldig fersk. Mykje av det me ser på stillehavslaksen er at han har hatt lang transport. Han har ein litt strammare smak, og smakar litt meir fisk. Rogna me har i vår kaviar, har ein friskare sjøsmak, seier Henden.

Pure Norwegian Seafood begynte med oppdrett og slakt av aure og laks, men har sidan 2010 satsa på andre eksklusive råvarer og nisjeprodukt i tillegg.

(©NPK)

Publisert: 09.08.2023 12:53

Sist oppdatert: 09.08.2023 12:53

Mer om