Kort fortalt

Kinn-bryggeri droppar «Bresjnev»-øl

Stoppar salet av ølsorten.

NPK
22.03.2022

(NPK): Kinn Bryggeri i Florø stoppar salet av ølsorten «Bresjnev». Årsaka er krigen i Ukraina, skriv avisa Firdaposten. Ølet blir derimot ikkje borte frå butikkane.

Krigen i Ukraina har gjort det vanskeleg å betrakte den russiske bjørnen med noka form for humoristisk skråblikk. Og det var det som var tanken då Bresjnev vart lansert, i 2015.

– Det handlar, slik etiketten antydar, om eit skråblikk på Sovjetunionen, og ikkje det at vi beundra det dei gjorde og stod for, seier dagleg leiar Espen Lothe til avisa.

For dei som ikkje hugsar Leonid Brezjnev, så var han som generalsekretær i Sovjetunionens kommunistiske parti i realiteten den øvste politiske leiaren i landet frå 1964 til sin død i 1982. I to periodar var han også president i Det øvste Sovjets presidium, og altså Sovjetunionens formelle statsoverhovud.

(©NPK)

Publisert: 22.03.2022 11:44

Sist oppdatert: 22.03.2022 11:46

Mer om