(NPK-NTB): Kommunal- og distriktsminister Erling Sande stadfestar at kommunane får 5 milliardar kroner meir i år – og foreslår nye milliardar også for neste år.
– Vi kjem til å bidra overfor kommunane i den krevjande situasjonen dei står i. Det er viktig for å sikre trygge barnehagar, gode skular for ungane våre og ei god eldreomsorg rundt i kommunane. Vi vil komme tilbake til detaljane i ein pressekonferanse seinare i dag, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
Regjeringa har kalla inn til ein pressekonferanse fredag klokka 11.45 der temaet er kommuneøkonomi.
Følg pressekonferansen her (ekstern lenke)
I forkant la arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) ut eit innlegg på Facebook om at ho førebudde seg til pressekonferansen. Framfor seg hadde ho det som såg ut som eit manus:
– 5 milliardar i varig auka overføringar vil ikkje løyse alle utfordringar. Sjølv med desse ekstra midlane vil mange kommunar framleis gjennomføre tøffe prioriteringar lokalt, stod det på arket.
Biletet vart raskt erstatta med eit anna bilete der ein ikkje kunne sjå teksten.
Kort tid etterpå stadfesta regjeringa summen.
– Ser det har komme ut informasjon om kva som kjem frå regjeringa i dag. Kommunal- og distriktsminister Erling Sande stadfestar at kommunane får 5 milliardar kroner meir i år – og foreslår nye milliardar også for neste år, skriv kommunaldepartementet i ein e-post.
Publisert: 01.11.2024 10:05
Sist oppdatert: 01.11.2024 10:05