Kort fortalt

Kjerkol går av som helseminister

Fekk annullert masteroppgåva.

12.04.2024

(NPK-NTB): Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) stadfestar på ein pressekonferanse fredag at helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) går av.

– Eg har konkludert med at det vil vere svært vanskeleg å halde fram den krevjande jobben som helse- og omsorgsminister, seier Støre på pressekonferansen.

Statsministeren la til at helse- og omsorgsministeren har ansvar for mykje forskingspolitikk. I tillegg sa Støre at han var lei seg, og at Kjerkol i hans auge er ein av dei beste politikarane Arbeidarpartiet har.

– Vi har sett stor pris på Ingvild i regjering, både som minister og fordi ho er ein sterk politikar, sa Støre.

Kjerkol stadfesta samtidig konklusjonen som har komme fram i media.

– Nemnda har vedteke å annullere masteroppgåva, seier ho.

Publisert: 12.04.2024 10:52

Sist oppdatert: 12.04.2024 10:52

Mer om